Lisbeth Dreyer

Vestlandshagen 

 Skald 2014

Vestlandshagen er ei reisefortelling frå hagar i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Det er ei bok der eg har stilt meg spørsmålet; finst det ein Vestlandshage? Er det noko som særpregar hagekulturen på denne milde, regnfulle vestkysten av Norge, så langt frå dei store hagekulturnasjonane Italia, Frankrike, England og Japan.


Hagar er stilhistorie og kulturlandskap og i slekt med andre kulturuttrykk som musikk, bildekunst, litteratur, teater og arkitektur. Hagar er skaparglede, fantasi, verdiar, tankar og stemningar. Stemninga er det udefinerbare som pregar ein stad, og som vi ikkje alltid kan forklare. I «Vestlandshagen» har eg gjennom bilde og tekst prøvd å fange noko av dette. 



 

Ultstein kloster

Ved Utstein kloster ligg ein fredeleg hage. Her er nesten ikkje trafikkstøy. Kring hagen ligg murane som ein urokkeleg steinkrans, og utanfor er det hav og himmel. Innanfor står store, gamle bøketre og kastar skuggar på dei kvitkalka veggane. 



Alvøen

Det er det kinesisk-inspirerte lysthuset som er det mest særprega ved hagen i Alvøen. Hagen elles er ei blanding av mange stilarter, og den har endra seg i takt med skiftande hagemoter. 


Alvøen var ein liten fabrikkby, eigd av slekta Fasmer i fleire generasjonar. I området kring hovudhuset er det kvitmåla arbeidarbustader, eit kraftverk og fabrikklo- kala som tidlegare husa Alvøen papirfabrikk.

Vigatunet

Mens eg går mellom ei samling gamle fruktsortar i Viga i Ryfylke, lurer eg på om det er sant at Newton oppdaga tyngdekrafta då han fekk eit eple i hovudet. Adam og Eva trong i alle fall eit eple for å synde. Men her står epletrea med uskuldskvite blomar i den lyse vårkvelden, og får eg noko i hovudet, så er det berre dryssande kvite kronblad, lette som snø.


Boka er utgitt med støtte frå Norsk kulturfond. 

Skald 2014

Alle foto: Lisbeth Dreyer

Grafisk design: Silje Nes

e-post: forlag@skald.no www.skald.no

ISBN 978-82-7959-210-5